mandag 27. april 2009

ERAGON

Det er to ting eg verkeleg setter pris på her i livet: Drakar og Star Wars.
Drakar er dei mest kjende av fabeldyra, mektige vesen som svever over verda med sine majestetiske venger og skaper ein heilt annan verd for mange.
Star Wars er ein av dei mest prissatte filmane gjennom tidane. Den eventyrlige og futuristiske historia fenga ei heil verd med fargerike figurar og anna, noko den fortsett å gjere den dag i dag.
Men med populariteten kjem ein pris: Ein film som tek begge desse spektakulære elementa, blandar dei saman og voldtek dei begge to på det grusomaste.
Eg snakkar om ERAGON.
Eragon er ein nokså ung film basert på ein fantasy-roman av Christopher Paolini, eit tilsynelatande skrive-geni som fekk publisert sin første roman då han var berre 16 år gammal. Det hadde sjølvsagt ikkje noko å seie at familien eigde sitt eiget forlag…
Men angåande filmen, så finnes det dei som nektar å tru at den er ein skamlaus kopi av ein annan kjend film, nemleg Star Wars. Påstandar som kopi av historie-struktur, figurar og andre elementar blir umiddelbart ignorert og desse individa hyller filmen (og boka) som eit originalt meisterverk. Tja, viss så mange synest det er slikt, så har dei sikkert rett!
Ikkje sant..?

Filmen begynner med at vi får vite kva som har hendt før filmens handling. I følgje forteljaren fantes det ein gruppe riddarar; Drakeryttarar, som opphaldt lov og orden med magiske krefter. Men ein av drakeryttarane gjekk imot sine eigne og drap alle som ein. Etter det vart demokratiet lagt i grus og eit ondt imperium vart til.
Men sjølve handlinga tek til med ein prinsesse som rømmer frå imperiet med eit tilsynelatande viktig objekt i armane. Ho blir fanga, men klarer heldigvis å gøyme objektet så andre kan finne det.Det er no vi får møte protagonisten: Luke… (Kremt) Eragon!















Ingen likheit! Slett ikkje!


Eragon er ein fattiggut som bur hos sin onkel ute ved ein gard. Det har ingenting med Star Wars å gjere, ikkje sant?










Dæven, så originalt...
Men alt forandrer seg då han finn objektet, noko som viser seg å vere eit drake-egg. Han tek vare på egget heilt til det klekker, då draken veks frå unge til vaksen på null komma svisj… Han lærer så at imperiet leiter etter draken og at dei har ransaka garden hans og drept onkelen hans…












For ein grinasabb! Luke felte aldri ein tåre!

Eragon og draken, viss namn er Saphira, slutter seg til ein gammal mann (Brom) og reiser så ut på eventyr.



















Du veit at dei PRØVER å kopiere når skodespelarane ser like ut.
Seinare viser det seg at den gamle mannen var ein av Drakeryttarane og har holdt seg skjult sidan Drageryttaranes undergong. Så den gamle mannen lærer Eragon å fekte og bruke magi som ein ekte Drakeryttar, før han gjev Eragon sverdet som ein gong tilhøyrde far hans.












Dei kunne ivertfall PRØVD å vere originale!

Eragon finner til slutt prinsessa, som blir holdt fanga i ein festning. Han klarer å frigjere ho, men Brom mister dessverre livet sitt undervegs.












Han blir ivertfall "sterkare enn du kan forestille deg."
Eragon klarer til slutt å gøyme seg hos nokre opprørarar som har sett seg opp mot imperiet. Uheldigvis leier han imperiet til den hemmelege festninga deira og ein tradisjonell Hollywood-episk-tungt påkosta-CGI dekka slag følgjer.
Trass deira fåtal vinner opprørarane og Eragon blir hylla som ein helt. Men kampen for fridom er ikkje over og vi kan berre vente til Imperiet Slår Tilbake!

Tittelen på neste Eragon-film? Ikkje usannsynleg.

OK, ser ein unna den openbare og respektlause kopieringa av ein av tidenes mest innflytelsesrike film nokosinne, eiger ikkje filmen noko særleg underhaldningsverdi. Den leverer ingenting nytt til det arketypiske ”ung helt”-konseptet og ser ut som ein dårleg kopi av Lord Of The Rings. Det same gjelder figurane. Ikkje berre er dei gjenkjennelege frå andre konsept, dei har ingenting verdifullt å verken gjere eller seie.
I tillegg går passerer scenene i filmen altfor fort forbi. Det einaste ein ser er ein action-scene, litt B-film dialog, for så å hoppe over til neste action-scene. Ingenting blir forklart godt nok, så ein blir sittande igjen med ein heil del spørsmål!
Den einaste grunnen til at eg såg filmen, var fordi eg fekk vite at den innehaldt drakar. Drakar meg langt opp…! Det var berre ÈIN drake i filmen, ein som ikkje var noko særleg sentral eingong! Men trass mangelen på drakar, så var dei få drake-scenene veldig bra laga, endå eg fortsatt har litt problem med utsjånaden hennar (fjørvenger, kva faen?!).

Alvorleg talt, kva faen?!

Alt i alt, Eragon er berre ein dårleg film. Det skadar ikkje å sjå den, men du går ikkje glipp av noko.

Meir bombesikkert bevis på plagiat (engelsk): http://thewordcrafter.wordpress.com/2007/10/20/eragon-vs-star-wars/

5 kommentarer:

  1. nice rune, du har so rett so rett!!

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Rune eg veit du er veldig opptat av film, men synest verkeleg ikkje det er nødvendig å vere så utrulig subjektiv . Ja , så har kanskje filmen eit par ting som kan minne om star wars, men du får det til å virke som om filmen blir dårleg kunn på grunn av det. Det er utrulig at du ikkje klare å sjå på denne filmen som ein sjølvstendig film, men kunn som ein kopi. Eg sjølv meinar at Eragon er ein veldig bra film, som verkelg er verdt å sjå, ja det er ein ganske standar action film, men gjer det den dårleg ? Det synest ikkje eg, den har mykje følelsar og spenning i seg. Og denne filmen er foresten ein film som skal passe for barn og unge . Ein anna ting eg reagerer på er at du skriver at det er for lite drakar, det er vel ikkje du som bestemme kor mange drakar det skal vere med, det er opp til forfattaren og regissøren. Eg meinar at viss du skal først anmelde ein film, så annmeld ein film med litt djupare handling enn eragon, som er ein fantasifilm for barn.

    SvarSlett
  4. "Ein anna ting eg reagerer på er at du skriver at det er for lite drakar, det er vel ikkje du som bestemme kor mange drakar det skal vere med, det er opp til forfattaren og regissøren." -------- Var det eit argument eller berre statuerte du fakta?

    SvarSlett
  5. "Eragon" i bunn og grunn: Å! Ein drage. Å! Ein slåsskamp... The End! Kvar i helvete er følelsane og spenninga? Filmen går altfor fort føre seg. Når du følar filmen er komt i gang, er den faktisk FERDIG!?!?!?!

    SvarSlett