lørdag 25. april 2009

TITANIC ...DEN ANIMERTE FILMEN

Eg elskar animerte filmar. Gode, passande og dårlege; alle har ein viss underhaldningsverdi. Men så er et ein som er så horribel at det ikkje finnast maken. Dette er Titanic.
Den animerte filmen.

Ein god del har sikkert høyrd om denne italienske animasjons-filmen, basert på den tragiske hendinga med skipet Titanic, og lagt merke til at den manglar positiv omtale. Dette fordi folk meiner den er så forferdeleg at det er ubegripeleg at den i det heile tatt eksisterer! Dette nådde ivertfall mine øyrer, så eg gjorde det dristige valet om å faktisk setje meg ned og dømme filmen sjølv utifrå det eg fekk sjå.
For å vere heilt ærleg, trudde eg dette var ein av dei filmane som alle og ein kritiserar, når det viser seg at filmen ikkje var så verst likevel.
Men eg tok feil… skammeleg feil…

Filmen starta og tittelen såg slik ut:

Fleire enn meg som synast den minner om Celine Dion’s hit ”My Heart Will Go On”, ironisk nok laga for den andre Titanic-filmen?

Så kjem den faktiske handlinga, men… Oi! Er vi ferdig allereie? Skipet synker, folk sit i livbåtane og ror vekk mens dei ser den grusomme hendinga skje berre eit stykke unna. Ja, ja. Det var ein kort film.
Men nei, då! Ein av dei overlevande, ein ung kvinne, får eit flashback og filmen kuttar til før Titanic forlot havn.

Hmm, ein Titanic-film der det ordentlege plottet er eit tilbakeblikk. Eg trur eg har sett det før…

Den unge kvinna sit på eit tog på veg mot havna og vi får vite at ho ikkje har sett foreldra hennar på fleire år.

Og fortare enn du kan seie ”mangel på originalitet”, skiftar filmen til neste scene: Titanic’s avgang.
Det skal filmen ha: For å vere ein animasjons-film berekna for barn, så har det ikkje vert eit einaste dyr å sjå… Skit i det, det viser seg at halve båten er fullt av typisk komiske og snakkande dyr. Hundar, kattar, mus, gjess, osv.
Eg kan allereie lukte det forutsigbare Disney-formularet…

Eg driter i om året er 1912 og at dei er mus; ingen om bord Titanic gjekk kledd sånn!


Så endeleg reiser skipet, men ikkje før ein fjollete detektiv kaster seg om bord i siste sekund. Han er på eit ”undercover”-oppdrag for å finne to farlege forbrytarar.
Så kvifor i himmelens navn introduserer han seg som ein detektiv?!

Den unge kvinnen, viss navn er Angelica, viser seg å vere tjenestepike for sin eigen slemme stemor og slemme stesøstre.

Det høyrdest VERKELEG KJEND UT!

Men nok om det. Filmen kutter til ein musefamile som pakker ut under skipet. La meg no sjå: Nokre utanlandske mus som reiser med båt til Amerika.

Trur eg har sett det før… igjen!

Og så kjem det: Ut av det blå kjem ein hund og -eg kødder ikkje- begynner å rappe!

Videoen snakkar for seg sjølv.

Vi får så møte eit gammalt kvinnfolk som kommanderer to klumsete forbrytarar til å stjele.

Eg trur eg har SETT DET FØR!

Det er også eit sub-plott om ein veldig viktig medaljong, vilket eg trur eg også har sett i EIN ANNAN TITANIC-FILM!

Nok ein gong skiftar filmen til to første klasse-passasjerar: Ein ung mann, viss navn er William, og hans barnepike (endå han er godt over tjue?).

Nei, har du høyrd: Barnepiken har ikkje sett dottera si på fleire år! Du verda, eg har ikkje den ringaste anelse om korleis dette kjem til å ende!

Vidare i filmen møter William og Angelica kvarandre og sjølv om dei berre deler nokre få setningar med kvarandre, er det umiddelbar kjærleik mellom dei to.



Skjønt det er forståeleg at dei forelskar seg i den einaste som har like mykje leppefarge som seg sjølv.


Dette minner meg veldig om paret i James Cameron’s Titanic. Det einaste som er annleis er at her er fattiguten rikgutt og rikjenta fattigjente.
Vent, betyr det at ho kjem til å teikne han naken…?!

William inviterer Angelica med på festen om bord, men uheldigvis har ho ikkje noko å ha på seg. Heldigvis får ho låne ein kjole av eit anna kvinnfolk, akkurat som i DEN ANDRE FILMEN!
Så mens menneskene danser oppe, har dyra fest nedenunder.

Det morosame er at ”mucho gusto” er dei einaste spanske orda spanjolane i filmen kan.

Og så, akkuart då ein byrjar å miste håpet, treff skipet isberget. Resten går som ein trur: Alle stormar mot livbåtane, William får Angelica om bord ein livbåt, men fell sjølv ut i havet. Ho og alle andre ror båtane vekk mens dei ser på den katastrofale tragedien som hender.


Ingen kan finne på å le av noko slikt.Med unntak frå desse to…

Imens møter Angelica barnepiken, og dei finner ut at dei er mor og dotter. "Kjære vene, det hadde eg aldri trudd!"
Like etterpå finn dei William i vatnet og henter han om bord. Han og Angelica blir ilag igjen og heile filmen ender så med ein liten postkort-sekvens.







Så kvar skal eg byrje?

Denne filmen bryr seg verken om tema, historie eller plagiat. Ingenting er originalt og filmen brukar meir tid på å introdusere nye sub-plott og figurar enn den brukar på å utvikle dei den allereie har. Og alle som ein er henta frå Disney, Bluth og andre populære kjelder.
Skodespelarane er forferdelege og når dei prøver å skape aksenter, blir berre vondt verre.
Sjølve animasjonen er grusom. For det første ser alt ruskete ut uansett korleis noko(n) beveger seg, det hender nokre objekter dukker opp heilt tilfeldig, ingenting er satt saman skikkeleg og den tradisjonelle animasjonen kolliderer med den så openbare CGI-animasjonen av skipet! Men ikkje nok med det! Ein ser ofte, og då meiner eg veldig ofte, klipp som blir brukt om igjen og om igjen, fleirfoldige gonger i forskjellige scener, ofte i same scene! Med andre ord: Animasjonen blir brukt, gjenbrukt og misbrukt.

Ingenting med denne filmen er interessant, gripande eller forståeleg. Historien er arketypisk og klisjè, om ikkje stjålen. Ingen kan lage ein Titanic-film med ein relativt lukkeleg slutt, noko denne filmen bekrefter grundig (Ingen døyr, kva faen?!). Den er ein skam for italiensk film… Nei, animasjon-film… Nei, den er ein skam for film generelt!

Måtte den synke til botnen på havet.

1 kommentar:

  1. Dette har du helt rett i Rune. Dette er den mest uorginale filmen eg noen gang har hørt om >.< Det er bra vi har sånne som deg som kan opplyse oss om sånt ;)

    ...Gratulere så mykje med dagen da! Håper du får en awesome dag;) See ya! *Eg kan sjå deg herifrå*mohaha

    SvarSlett