tirsdag 13. oktober 2009

In The Name Of The King: A Dungeon Siege Tale

Fantasy er ein fasinerande filmsjanger. Ein sjanger som kan inneholde ikkje-eksisterande skapningar, som romantiserar middelalderen og som veldig ofte gir ein god faen i naturlovene. I fantasy finnes ein verden der fiksjon når nye høgder og alt er mogleg. Den tyske "ressigøren" Uwe Boll er likeså; det verker som om han lever i ein verden der folk har ein heilt anna oppfatning av kva som er god film! Eit soleklart bevis: In The Name Of The King: A Dungeon Siege Tale.
Filmen er basert på Dungeon Siege-spillet og er endå ein av Boll sine spill-baserte filmar. Gudane veit kvifor han fortsetter med slike utgangspunkt, ettersom dei fleste av desse typar filmar går rett til helvete. Boll er ikkje eit unntak; mange av filmane hans er krediterte som dei verste filmane nokonsinne! Ta ein titt på mine tidlegare innlegg, så skjønar du kva det innebærer. Så kva får mannen til å tru at han kan gjere det betre denne gongen? La oss ta ein titt.

Tidleg i filmen går det opp for oss at filmen har også ein lat manusforfattar; protagonisten er ein bonde som heiter Bonde (Farmer). Han bur ute i ingenmannsland med kone og son der han brukar dagen på å lære sonen sin nyttig lærdom, som "hardt arbeid lønner seg alltid" og at "ein skal ikkje drepe nokon med ein bumerang".
Bonde gløymer at ein bumerang er i hovedsak eit våpen.

Mens kona og sonen reiser til bygda for å handle, blir Bonde angrepen av bevæpna monstre. Men Bonde dreper monstrene med nydeleg koreograferte sverd-teknikkar som... han...
At det var?! Han er ein bonde, ein bonde frå middelalderen! Når var sånne som han så god til å slåss? Hadde han i det heile tatt tid til å bli så god, skulle han ikkje tenkt på dyra eller åkeren eller noko?
Bonde reiser til bygda som også er under angrep av same monstre. Mens han kastar bort tid på fleire usannsynlege akrobatiske bevegelser, blir sonen hans drept og kona bortført. Bonde begraver sonen sin med upassande dramatisk musikk i bakgrunnen og bestemmer seg for å leite etter kona med to kompiser. Etter ein umorsom og upassande "komisk" scene som kjem rett etter ein lang scene med vold, blod, tragedie, grusomheit og dreping dreping dreping, møter Bonde & co ein gruppe skogsfolk som svinger med vinranker.

Ikkje dei mest praktiske stillingane som finst, men men...

Bonde & co finner kona, men blir sjølv tatt til fange av monstrene, trass forsøket på å kle seg ut som dei.
Kva trur du avslørte dei? Menneskefjesa deira, klare som dagen?
IMENS blir ein konge forgifta av ein ond trollmann som har seg med ein kvinne som gjerne vil verve seg men som ikkje får lov av faren som er ein trollmann som er kongens høgre hand-mann som er interessert i Bonde som seinare viser seg å vere kongens fortapte son mens kongens nevø tek over mesteparten av kongens hær men mister dei til kongen like etterpå før dei slåss mot den onde trollmannen og monstrene hans... Kven gir ein faen?!
Men som sagt har dei eit stort slag midt i ein skog.
Fleire enn meg som synast ninjane ikkje passa inn i ein film om middelalderen?
"Rustning er for pyser!"
Sist eg sjekka var det å tenne på sine eigne ikkje verdas beste strategi.

Under slaget døyr kongen og Bonde blir den nye kongen. Han tek med seg trollmannen og dottera hans til den onde trollmannens skjulestad, mens hæren slåss ein annan stad... Eg veit fortsatt ikkje kva det gjaldt. Bonde & co redder kona til Bonde, slåss mot den onde trollmannen, drep han og... så er det slutt.

Heilt utan vidare.

Eg er deprimert. Eg brukte to timar av livet mitt på ein lite imponerande film med eit plott som består av intet anna enn klisjèar, uutholdelege dialogar og forvirrande scener som skiftar mellom dag og natt ofte. Og då meiner eg ofte!

Dei fleste skodespelarane gjer ein elendig jobb, mens resten blir dratt ned i møkka av latterlege replikkar og... Eg forstår endå ikkje korleis dei fekk tak i John Rhys-Davies!

Alvorleg talt, korleis?!

Denne filmen eiger ingen skam. Den kopierer shots, kostymer og skapningar frå klassikarar som Ringenes Herre, samtidig som den klarer å drøye ut det unødvendige og kjedelege. Ikkje la deg narre av kjente skoespelar-navn og eit enormt budsjett; ingenting bra kan kome frå ein film som den her. Ingenting!

Men kva meir kan ein forvente frå ein mann viss karriere eksisterer grunna eit smutthòl i det tyske skattesystemet...
Uwe Boll argumenterar mot innlegget.

tirsdag 5. mai 2009

Twilight

Mørkets skapningar.
Vesener frå helvete som lever av menneskeblod.
Eit ondt mytefolk som lever eit uliv om natta mens dei søkjer vill og erotisk tilfredstilling.
Dette er kva eg ser for meg når eg tenkjer på ein av dei kulaste skikkelsene frå gammal mytologi: Vampyrar. Difor er det så kjekt å sjå nattens jævligaste kreaturer komme til live med hjelp av film. Filmar som ’Nosferatu’, ’Dracula’ og til og med ’Blade’ har gjort ein knakandes god jobb med å framstille vampyrar slik dei er.
Men så kjem ’Twilight’, og vi blir nok ein gong minna om at det ikkje finst noko Gud…


Twilight er basert på Stephenie Meyers bestselgjar med same namn, ein bok som har skapt ein enorm og lojal gruppe med fans blant unge jenter. Eigentleg burde eg vite litt om boka før eg ser filmen, men eg føler at det ikkje trengs. For sjølv om eg ikkje har lest boka, har eg høyrd at filmen følgjer sine kjelder til punkt og prikke. Så for å endeleg kunne prøve å forstå kva det er jentene hyller og siklar over, har eg bestemt meg for å setje meg ned og sjå den to timar lange filmen.
To timar eg aldri vil få tilbake…
Hovedpersonen er 17 år-gamle Bella Swan, som flytter til den fråskilde faren hennar i ”teite” Forks. Ho får mykje oppmerksamheit frå dei nye medstudentane hennar og fleire gutar blir interesserte i ho, men Bella er misfornøgd med begge delane. Det er tydeleg at ho er ein egosentrert og sjølvgod dritt, ettersom bygda ”suger”, faren hennar er ”ukul og kjedeleg”, ho sjølv er ”too cool for school”, alle andre er dumme og rare og ho er altfor god for gutane i bygda.
"Liek, OMG, im to COOOOOL for this shit, u gais! !!!!!!!!!!>:("

Men ting forandrer seg då ho oppdager Edward Cullen, ein bleikfis som ifølgje alle andre er dritpen og kjekk.

Alt eg ser er dei komisk store og mørke augebrynane.

Bella blir tilfeldigvis plassert ved sidan av Edward i klasserommet. Så snart det viser seg at Edward ikkje tåler trynet til Bella, blir ho plutseleg interessert i han og prøver å snakke med han.

Slik ser ein hyklar ut, folkens.

Ute på skuleplassen blir Bella nesten påkøyrd av ein bil, men Edward stopper bilen med berre nevene og avslører sine ekstraordinære krefter. Etter det blir Bella endå meir besatt av Edward, som under eit av deira seinare treff avslører at ikkje berre er han superrask og supersterk. Han kan også lese andres tanker, utanom hennar eigne.

"Så klart, hennar mangel på ein hjerne forklarar saken!"

Bella lurer ein venn av henne til å fortelje om ein gammal legende og finner seinare ut at Edward er ein vampyr, med hjelp av Google.
Alvorleg talt.
Neste dag går ho åleine ut i skogen, av ein eller annan grunn, der Edward konfronterer ho og bekrefter det Bella veit. Dei neste minuttane består av dialog som går som følgjer:

Edward: ”Eg er ein vampyr.”
Bella: ”Eg elskar deg.”
Edward: ”Eg er ein morder, men eg drep ikkje folk.”
Bella: ”Eg elskar deg.”
Edward: Vi kan ikkje vere saman, det er for farleg.”
Bella: ”Eg elskar deg.”
Edward: ”Sjå korleis eg glitrer i sola.”
Bella: ”Eg elskar deg.”
Edward: ”OK.”
-Begge ser på kvarandre. …i ein evigheit!-

Gripande.

Så Bella og Edward blir kjærestar og får heile skulens oppmerksomheit. Når dei ikkje er saman, brukar Edward tida til å bryte seg inn i huset hennar og sjå på ho mens ho søv. Bella, jenta uten hjerne, synest det er sexy at ho er ilag med ein stalker.
Så ein dag tar Edward Bella med seg heim til familien, som også er glitrande og ikkje-myrdande vampyrar. Herfrå tar Edward henne med på ein tur ut i skogen, der han klatrer i tre og viser Bella utsikten over Forks.

"This can't be real!"
-Bella nekter å tru at den ukule bygda er noko særleg.
Seinare tek Cullen-familien henne med på eit slag vampyr-baseball (det er akkurat som vanleg baseball), då dei plutseleg blir avbrutt av onde vampyrar som drep folk.

Med andre ord: Ordentlege vampyrar.

Ein av dei, James, får ferten av Bella og bestemmer seg for å ete henne. Så Edward og co. bestemmer seg for å få Bella ut av bygda og heim til mor, fordi ho antagelegvis er eit familiemedlem. James gir ein god faen i alle dei ubeskytta bygdefolka og jakter på den eine personen som er beskytta av fleire vampyrar.
Idiot.
Han lurer til slutt Bella til seg og bit henne i armen, men Edward og dei andre dukker opp og dreper James. Då dei oppdager at Bella er blitt bitt, suger Edward giften ut av henne. Ho våkner opp på sjukehuset med Edward ved sida av henne. Han forteljer henne at ho blir nødt til å reise vekk, men Bella nekter og seier at ho vil bli i Forks.

Først vil ho flytte, men ikkje etter at ho nesten vart drept?!
Tosk...

Det heile ender med at Bella og Edward går på skuleballet og filmen avsluttar med følgjande dialog:

Bella: ”Eg vil bli ein vampyr, bit meg.”
Edward: ”Nei.”
Bella: ”Jo.”
Edward: ”Nei.”
Bella: ”Eg elskar deg.”
Edward: ”Kult.”


Det aller største problemet til filmen, eller historia, er at vampyrane…
Å Gud, vampyrane…
Vampyrane er ikkje ordentlege vampyrar! Dei drikk ikkje menneskeblod, dei søv ikkje, dei lever blant mennesker og dei tåler solys. Endå verre, dei ”skinner som tusen krystallar i sola”!
Heile vampyrmytologien drukner i ein urealistisk kjærleikshistorie og forblir liggande til antagonistane blir introduserte. På slutten.

Ein vampyr, ifølgje filmen.

Heile historia verker som ein dårleg fanfic av Anne Rice-serien, skreven av ein 16 år-gammal jente er besatt av vampyrar, kjærleik og sex. Den manglar også eit ordentleg plott gjennom mesteparten av filmen og den dårlege plottet vi blir servert er forutsigbart på eit dumt nivå.

Når det gjelder figurane, blir vondt verre. Bella, hovedpersonen, er intet anna en ein Mary Sue. Kva er ein Mary Sue, spør du? Det er ein perfekt jente utan feil, ein skjønn skapning som alle blir oppmerksame på og som ikkje leggjer merke til at gutane vil ha ho. Ho er sky, har eit uvanleg namn og heile historia er sentrert rundt henne.
Kvalmande…
Interessant fakta: Bella betyr ”nydeleg”. Det høyrest ut som eit Mary Sue-namn…
Kristen Stewart, ho som speler Bella, er forferdeleg! Eg veit ikkje om Bella er slik i boka, men uansett kva ho seier i filmen, så er det med ein utruleg monoton stemme og fjes. Ho er akkurat som Arnold Schwarzenegger i ’The Terminator’.

Og det seier litt!

Edward er ikkje berre avskyeleg som vampyr, han er ekstremt gnålete.
” Buhuu, vi kan ikkje vere saman, eg er for farleg!”
Pluss, han er ein pedofil stalker. Ja, pedofil. Husk han er eigentleg over hundre år gammal og prøver seg på ein syttenåring! Det einaste som kan gjere det heile akseptabelt, er viss hjernen hans har vert på 17 år-stadiet heile tida. Men det betyr at han ikkje har utvikla hjernen sin gjennom alle tiåra, vilket gjer han til ein tragisk person som aldri lærer.
Skodespelaren hans, Robert Pattinson, prøver altfor mykje å vere kul og sexy. Han stirrer så mykje på kamera at ein skulle tru augene hans kom til å sprette ut og ligge blodigt spreidd utover kamera.

Men då måtte filmen hatt ordentlege spesial-effekter. Noko den ikkje har. Eg meinar, det verkar som om ein ser på ein dårleg episode av ein gammal Hulk-serie. Og det seier mykje.

Filmen er kanskje spennande og gripande for fansen, men den mister alle andre. Det heile er berre ein filmatisert versjon av ein jentes våte fantasi om sann kjærleik. Med vampyrar.
Korleis kunne noko slikt bli film?
Fansen gjorde det mogleg.
Faen ta dykk...

Heilt til slutt vil eg berre servere ein litan oppklåring:

Béla Lugosi redder dagen nok ein gong!

Disaster Movie

Av og til blir filmar verkar nokre filmar litt for alvorlege. Det, eller så verker konseptet ganske tåpeleg. Difor er det kjekt det finnes filmer som speler på satire. Dei heiter parodi-filmer og humoren i slike filmar speler på særtrekka til ein enkel film eller ein heil sjanger. Sjølv om mange er gode, finnes det altfor mange der humoren ikkje er god nok.
Men det finst ein som nesten ikkje eiger humor i det heile tatt. Denne filmen kallar seg sjølv ein parodi-film, men strider imot alt som har med parodi å gjere.
Dette er Disaster Movie.



Disaster Movie er endå ein ”Movie”-film og skal i følgje skaparane parodiere katastrofe-filmar, som er filmar som for eksempel Earthquake og Deep Impact. Dette er den tredje i Epic-serien, der forgjengarane var Epic Movie og Meet The Spartans, filmar som vart kritisert nesten like mykje som den vi snart skal begi oss ut på. Ein kan då begynne å lure over kvifor folka bak desse fiaskoane fekk lage endå ein film, når dei to andre var så forferdelege. Gudane veit, men ein ting er sikkert:
Dei lærer aldri.
Aldri…

OK, Disaster Movie startar med ein opning som liknar Armageddon. Like etterpå ser vi ein ”parodi” av 10.000 BC.




Å, dei la på èit år for å unngå brudd på rettigheiter. Smart.


Vi får sjå ein huleboar som kjemper mot ein gladiator…
Så kjem Amy Winehouse med sabeltann-tenner og spår dommedag mens ho besøker Facebook, drikker og raper.

Det er denne typen humor vi blir servert.


Det heile viser seg å vere ein draum og vi møter Will. Han slår opp med kjærasten sin fordi han er redd for å fortelje ho kva han føler.




Det, og fordi ho har seg med Flavor Flav.



Under Wills ”sweet sixteen” fest, møter vi Calvin, kjærasten hans og ’Juno’-parodi Juney. Her får vi også ”parodier” av Dr. Phil, No Country For Old Men, Superbad, Wanted, Calvin Klein, High School Musical, Jonas Brothers, Snoop Dogg, Justin Timberlake og Jessica Simpson. Alt i løpet av ti minuttar!


Pluss eit par halvnakne jenter som bryter og spelar Twister.


Plutseleg forteller radio-nyheitene at verdens undergong har komt, så Will og kompani springer ut på gatene der det er absolutt kaos og springande bikini-jenter.
Under eit meteorregn, møter dei Hannah Montana, som ligger døyande under ein meteoritt.

If only...

Så etter ein kort ”parodi” av Hancock, gøymer dei seg inne i eit tomt varehus, der Juney slåss mot Sex og Singelliv-jentene; You Don’t Mess With The Zohan-stil.

Fordi gravide kvinner bør så absolutt slåss. Morsomt.

Etter det, har Will endå ein draum der han er ein ’Jumper’ og blir drept av Prince Caspian. Han våkner og ringer kjærasten for å fortelje kva han føler for ho. Will og gjengen bestemmer seg for å gå til museet, men mister uheldigvis Calvins kjæraste. Ja, ja.Litt etter møter dei prinsessa og prinsen frå Enchanted og duelerer mot dei; Step Up-stil.

Fordi gravide kvinner bør så absolutt danse. Dritmorsomt.

Det ender med at prinsessa følgjer dei mens dei rømmer frå ein tornado. Iron Man, Hellboy og Hulk prøver å stoppe den, men blir slått ned av kuer.
Eg har ikkje ord, og det kjem eg aldri til å ha.

Dei gøymer seg i nok eit varehus, der dei slåss mot Alvin & the Chipmunks og mister Juney. Resten spring ut og møter Batman, før dei dreper Speed Racer med Michael Jackson i bakrommet.

Fordi Michael Jackson-parodien var SÅ morsom første gongen.

Dei køyrer til museet og møter Wills kjæraste. Ho forteller at krystalskallen ho har gøymd i skrittet(?) hennar er det einaste som kan stoppe galskapen. Uheldigvis blir alle figurane i museet levande og gjengen må kjempe mot Beowulf og Po.

Dei kunne ivertfall prøvd å skjule at det er ein drakt, men det er vel altfor store forventningar.

Will og kjærasten møter Indiana Jones, som forteller at han er faren til Will.



Ja, han har sin fars... auger.

Will setter skallen på alteret sitt og alt blir normalt igjen. Will og kjærasten gifter seg, mens Guru Maurice vier dei, og det heile ender med følgjande:







Wow.
Eg visste ikkje at det var mogleg å synke så lågt. For det første:
DET VAR INGEN JÆVLA PARODI I HEILE FILMEN!
Ein skikkeleg parodi er ein som tek noko, overdriver særtrekka og gjer narr av dei. Men i Disaster Movie er det ein heilt anna vise! Det einaste vi såg var figurar frå filmar som kom ut i fjor (bokstaveleg talt) lagt inn som kameo-opptredener, samtidig som dei sa noko ein tre-åring ville ha sagt.
Det er ein annan ting: Det er ikkje noko skikkeleg humor i det heile tatt! Alt vi blir servert, er humor som handlar om tiss, bæsj og promp og litt moderne popkultur her og der. Viss du ler av slikt, kan du versågod hoppe utfor nærmaste fjellkant, for det er slike som deg som held slike filmar i live.

Og når det gjeld parodiane, her ein ein liste over alt dei parodierte:
Armageddon
10.000 BC
Gladiatorene
Amy Whinehouse
Facebook
Crystal Skull
Flavor Flav
My Super Sweet 16
Dr. Phil
No Country For Old Men
Superbad
Wanted
Juno
Calvin Klein
High School Musical
Jonas Brothers
Snoop Dogg
Justin Timberlake
Jessica Simpson
Cloverfield
Hannah Montana
Hancock
Sex And The City
You Don't Mess With The Zohan
Jumper
Narnia: Prince Caspian
Enchanted
Step Up
Twister
Twister
Iron Man
Hellboy
The Incredible Hulk
Alvin & The Chipmunks
The Dark Knight
Amazon
Speed Racer
Michael Jackson
Night At The Museum
Beowulf
Kung Fu Panda
The Love Guru

Og sidan dette er ein film som parodierer katastrofe-filmar; la oss sjå kva katastrofe-filmar dei har med:
Armageddon
Cloverfield
Twister

Og vel så det.
KVA I HELVETE?!
Finnes det ingen andre katastrofe-filmar? Jo, massevis! Dei kom berre ikkje ut i fjor. Dei valgte å ”parodiere”, eller refere blir meir riktig, populære filmar frå året før, eller året filmen vart lansert! Går det an å ha mindre innsikt?! Nesten ingen av filmane har noko som helst med katastrofer å gjere, så kvifor har dei dei med i filmen?! KVIFOR?!


Kvar einaste parodi i filmen.
Nei, eg meiner det.

Men på ein anna side så har vi Gary "G. Thang" Johnson. I eit hav av barnehage-humor, står han fram som ein verkeleg morosam (og god) skodespelar. Alt han seier er av god humor og viss ikkje, er det måten han seier det på som redder augeblikket. Og endå det ikkje finnest mange gode parodiar i filmen, er det nokre som faktisk fungerer. Parodien av Juno og hennar sjølvgode uforståelege ’hipster’-babbling er vel og bra, den siste ’gangster’-moderniseringa av Alvin & the Chipmunks er godt parodiert og Beowulfs tvilsomme mangel på klede kjem godt fram i filmen. Dessutan må eg seie at den vesle musikkvideoen på slutten var eit nokså godt opprør mot språksensuren desse typar filmar har måtte gjennomgå. Og Gud hjelpe meg: Den er fengande!
Likevel er dette berre ørsmå lettelsar som ikkje retter opp katastrofen som er Disaster Movie.

Når eg tenkjer meg om, så kan det hende dei PRØVDE å lage ein forferdeleg film, for så å kalle filmen ”disaster” med vilje.

I så fall er det mildt sagt.

Fantastic (in name only) Four

Eg likar superhelt-filmar. Kven gjer vel ikkje det? Ein person med overnaturlege krefter, eller berre med litt betre kvalitetar enn mannen i gata, som banker opp skurker og minst èin superskurk. Er ikkje det underhaldning, så veit ikkje eg! Men det er uansett viktig at alle superhelt-filmar har plenty av desse to elementane:
*Superhelten(e) skal banke opp skurkar regelmessig.
*Det skal vere masse action.
Så finnes det uheldigvis ein film, midt i havet av superhelt-filmar, som ikkje inneheld nokon av desse elementære elementane, og meir til.
Fantastic Four.


Fantastic Four er basert på teikneserien med same namn. Men filmen kan ikkje vere så dårleg? Med tanke på at serien er frå same forlag som Spider-Man og Hulk etc. Filmane basert på dei har jo vert storarta, så Fantastic Four kan ikkje vere så dårleg?

Tja…

Filmen begynner med at forskaren Reed Richards reiser ut i rommet for å sjekke eit eller anna med kosmiske strålar eller noko slikt. Det er ein jævla superhelt-film, kven bryr seg? Han tek med eksen Susan Storm, bror hennar Johnny Storm, kompisen hans Ben Grimm og klassekameraten Victor Von Doom. Kvifor brukar han berre ikkje eit lag med topptrente erfarne astronautar, spør du?


Spør du meg, så spør eg deg…


Oppe i rommet frir Doom til Susan, vilket beviser kor engasjert han er i det tilsynelatande livsfarlege og viktige oppdraget. Plutseleg blir dei truffet av kosmiske strålar, ironisk nok, og våkner opp tilbake på Jorda. Det er no dei gradvis oppdager at dei har fått superkrefter: Reed kan strekke seg! …langt. Susan kan bli usynleg, Johnny kan generere eld frå kroppen og Ben ser ut som ein vandrande haug med oransje stein.


Han kom visst dårlegast ut.


Ben bestemmer seg for å skjule den avskyelege kroppen sin ved å…


…setje seg på Brooklyn Bridge, foran andre folk, midt på lyse dagen… Smart, Ben.
Kaos følgjer og snart er dei tre andre på plass. Dei redder fleire folks liv, etter at Susan viser seg halvnaken for andre.


Kvifor det, spør du? Fordi ho er ein kvinne. Jepp, fordi ho er den einaste kvinna i gruppa blir ho skamlaust misbrukt av ressigøren, som tvinger henne til å stille ut kroppen hennar. Til helvete med at ho er ein av dei få superheltinnane som kler seg frå topp til tå og ikkje ender opp som jomfru i nød uansett kva: Ho er ein kvinne og skal strippast naken! Bravo, ressigør, bravo.

Nesten resten av filmen er som tatt ut av ein arketypisk drama-film. Reed klager, Susan klager, Ben klager og Johnny lever livet. Heilt til det viser seg at Doom har hatt skumle planar heile tida og bestemmer seg for å drepe dei andre fire, noko som overraskar dei.

Overraska? Navnet hans var DOOM, klarer ingen å legge to og to saman?!

Det som følgjer er den kortaste finale-slåsskampen i manns minne. Også den dummaste. I løpet av sekundar har dei ”fantastiske fire” fryst Doom fast i metall.

Dr. Doom... ein av dei kulaste teikneserieskurkane... vises på skjermen i få sekund før han ender opp slik.
Tragisk...

Alle fire feirer og Reed frir til Susan. Filmen sluttar, rett etter at vi har fått eit intrykk av at det ikkje var det siste vi såg av Doom.

Så…
Er dette ein superhelt-film?

NEI!

Banka dei opp nokon skurkar? Ja, i løpet av èit minutt heilt på slutten!
Var det plenty med action-sekvensar? Ja, varte èit minutt heilt på slutten!
Var det i det heile tatt ein superskurk med? Ja, èit minutt heilt på slutten!
DET ER IKKJE NOK!
Så kva skjer i mellomtida? Dei pratar. Prating, prating, klaging, prating, nokre vitsar frå Johnny og prating.
Her har vi ikkje ein, ikkje to, ikkje tre, men fire (MERK: 4) superheltar og alt dei finner på er å snakke!
Er det på grunn av Batman Begins, filmen som fokuserte på karakterbyggjing istadenfor action? Mogleg, men Batman Begins hadde action, skurke-banking og soleklare superskurkar gjennom heile filmen!
Fantastic Four, derimot, er som ein heil episode med Dr. Phil og superheltar! Det er fint med prating og litt forståelse, men ikkje når ein snakker om ting, uttrykkjar følelsar og analyserer dei gjennom langt meir enn halve filmen! Det hendte aldri i serien! Sist eg sjekka, reiste dei på banke-tur gjennom heile universet! Dei sat ikkje heime og fortalte om kor mykje det suger å sjå ut som eit appelsin-farga steinras!

Den er ikkje ein Fantastic Four film, den er ikkje ein superhelt film og den er slett ikkje ”fantastic”.

mandag 27. april 2009

ERAGON

Det er to ting eg verkeleg setter pris på her i livet: Drakar og Star Wars.
Drakar er dei mest kjende av fabeldyra, mektige vesen som svever over verda med sine majestetiske venger og skaper ein heilt annan verd for mange.
Star Wars er ein av dei mest prissatte filmane gjennom tidane. Den eventyrlige og futuristiske historia fenga ei heil verd med fargerike figurar og anna, noko den fortsett å gjere den dag i dag.
Men med populariteten kjem ein pris: Ein film som tek begge desse spektakulære elementa, blandar dei saman og voldtek dei begge to på det grusomaste.
Eg snakkar om ERAGON.
Eragon er ein nokså ung film basert på ein fantasy-roman av Christopher Paolini, eit tilsynelatande skrive-geni som fekk publisert sin første roman då han var berre 16 år gammal. Det hadde sjølvsagt ikkje noko å seie at familien eigde sitt eiget forlag…
Men angåande filmen, så finnes det dei som nektar å tru at den er ein skamlaus kopi av ein annan kjend film, nemleg Star Wars. Påstandar som kopi av historie-struktur, figurar og andre elementar blir umiddelbart ignorert og desse individa hyller filmen (og boka) som eit originalt meisterverk. Tja, viss så mange synest det er slikt, så har dei sikkert rett!
Ikkje sant..?

Filmen begynner med at vi får vite kva som har hendt før filmens handling. I følgje forteljaren fantes det ein gruppe riddarar; Drakeryttarar, som opphaldt lov og orden med magiske krefter. Men ein av drakeryttarane gjekk imot sine eigne og drap alle som ein. Etter det vart demokratiet lagt i grus og eit ondt imperium vart til.
Men sjølve handlinga tek til med ein prinsesse som rømmer frå imperiet med eit tilsynelatande viktig objekt i armane. Ho blir fanga, men klarer heldigvis å gøyme objektet så andre kan finne det.Det er no vi får møte protagonisten: Luke… (Kremt) Eragon!















Ingen likheit! Slett ikkje!


Eragon er ein fattiggut som bur hos sin onkel ute ved ein gard. Det har ingenting med Star Wars å gjere, ikkje sant?










Dæven, så originalt...
Men alt forandrer seg då han finn objektet, noko som viser seg å vere eit drake-egg. Han tek vare på egget heilt til det klekker, då draken veks frå unge til vaksen på null komma svisj… Han lærer så at imperiet leiter etter draken og at dei har ransaka garden hans og drept onkelen hans…












For ein grinasabb! Luke felte aldri ein tåre!

Eragon og draken, viss namn er Saphira, slutter seg til ein gammal mann (Brom) og reiser så ut på eventyr.



















Du veit at dei PRØVER å kopiere når skodespelarane ser like ut.
Seinare viser det seg at den gamle mannen var ein av Drakeryttarane og har holdt seg skjult sidan Drageryttaranes undergong. Så den gamle mannen lærer Eragon å fekte og bruke magi som ein ekte Drakeryttar, før han gjev Eragon sverdet som ein gong tilhøyrde far hans.












Dei kunne ivertfall PRØVD å vere originale!

Eragon finner til slutt prinsessa, som blir holdt fanga i ein festning. Han klarer å frigjere ho, men Brom mister dessverre livet sitt undervegs.












Han blir ivertfall "sterkare enn du kan forestille deg."
Eragon klarer til slutt å gøyme seg hos nokre opprørarar som har sett seg opp mot imperiet. Uheldigvis leier han imperiet til den hemmelege festninga deira og ein tradisjonell Hollywood-episk-tungt påkosta-CGI dekka slag følgjer.
Trass deira fåtal vinner opprørarane og Eragon blir hylla som ein helt. Men kampen for fridom er ikkje over og vi kan berre vente til Imperiet Slår Tilbake!

Tittelen på neste Eragon-film? Ikkje usannsynleg.

OK, ser ein unna den openbare og respektlause kopieringa av ein av tidenes mest innflytelsesrike film nokosinne, eiger ikkje filmen noko særleg underhaldningsverdi. Den leverer ingenting nytt til det arketypiske ”ung helt”-konseptet og ser ut som ein dårleg kopi av Lord Of The Rings. Det same gjelder figurane. Ikkje berre er dei gjenkjennelege frå andre konsept, dei har ingenting verdifullt å verken gjere eller seie.
I tillegg går passerer scenene i filmen altfor fort forbi. Det einaste ein ser er ein action-scene, litt B-film dialog, for så å hoppe over til neste action-scene. Ingenting blir forklart godt nok, så ein blir sittande igjen med ein heil del spørsmål!
Den einaste grunnen til at eg såg filmen, var fordi eg fekk vite at den innehaldt drakar. Drakar meg langt opp…! Det var berre ÈIN drake i filmen, ein som ikkje var noko særleg sentral eingong! Men trass mangelen på drakar, så var dei få drake-scenene veldig bra laga, endå eg fortsatt har litt problem med utsjånaden hennar (fjørvenger, kva faen?!).

Alvorleg talt, kva faen?!

Alt i alt, Eragon er berre ein dårleg film. Det skadar ikkje å sjå den, men du går ikkje glipp av noko.

Meir bombesikkert bevis på plagiat (engelsk): http://thewordcrafter.wordpress.com/2007/10/20/eragon-vs-star-wars/