Mørkets skapningar.
Vesener frå helvete som lever av menneskeblod.
Eit ondt mytefolk som lever eit uliv om natta mens dei søkjer vill og erotisk tilfredstilling.
Dette er kva eg ser for meg når eg tenkjer på ein av dei kulaste skikkelsene frå gammal mytologi: Vampyrar. Difor er det så kjekt å sjå nattens jævligaste kreaturer komme til live med hjelp av film. Filmar som ’Nosferatu’, ’Dracula’ og til og med ’Blade’ har gjort ein knakandes god jobb med å framstille vampyrar slik dei er.
Men så kjem ’Twilight’, og vi blir nok ein gong minna om at det ikkje finst noko Gud…
Twilight er basert på Stephenie Meyers bestselgjar med same namn, ein bok som har skapt ein enorm og lojal gruppe med fans blant unge jenter. Eigentleg burde eg vite litt om boka før eg ser filmen, men eg føler at det ikkje trengs. For sjølv om eg ikkje har lest boka, har eg høyrd at filmen følgjer sine kjelder til punkt og prikke. Så for å endeleg kunne prøve å forstå kva det er jentene hyller og siklar over, har eg bestemt meg for å setje meg ned og sjå den to timar lange filmen.
To timar eg aldri vil få tilbake…
Hovedpersonen er 17 år-gamle Bella Swan, som flytter til den fråskilde faren hennar i ”teite” Forks. Ho får mykje oppmerksamheit frå dei nye medstudentane hennar og fleire gutar blir interesserte i ho, men Bella er misfornøgd med begge delane. Det er tydeleg at ho er ein egosentrert og sjølvgod dritt, ettersom bygda ”suger”, faren hennar er ”ukul og kjedeleg”, ho sjølv er ”too cool for school”, alle andre er dumme og rare og ho er altfor god for gutane i bygda.
"Liek, OMG, im to COOOOOL for this shit, u gais! !!!!!!!!!!>:("
Men ting forandrer seg då ho oppdager Edward Cullen, ein bleikfis som ifølgje alle andre er dritpen og kjekk.
Alt eg ser er dei komisk store og mørke augebrynane. Bella blir tilfeldigvis plassert ved sidan av Edward i klasserommet. Så snart det viser seg at Edward ikkje tåler trynet til Bella, blir ho plutseleg interessert i han og prøver å snakke med han.
Slik ser ein hyklar ut, folkens. Ute på skuleplassen blir Bella nesten påkøyrd av ein bil, men Edward stopper bilen med berre nevene og avslører sine ekstraordinære krefter. Etter det blir Bella endå meir besatt av Edward, som under eit av deira seinare treff avslører at ikkje berre er han superrask og supersterk. Han kan også lese andres tanker, utanom hennar eigne.
"Så klart, hennar mangel på ein hjerne forklarar saken!" Bella lurer ein venn av henne til å fortelje om ein gammal legende og finner seinare ut at Edward er ein vampyr, med hjelp av Google.
Alvorleg talt.
Neste dag går ho åleine ut i skogen, av ein eller annan grunn, der Edward konfronterer ho og bekrefter det Bella veit. Dei neste minuttane består av dialog som går som følgjer:
Edward: ”Eg er ein vampyr.”
Bella: ”Eg elskar deg.”
Edward: ”Eg er ein morder, men eg drep ikkje folk.”
Bella: ”Eg elskar deg.”
Edward: Vi kan ikkje vere saman, det er for farleg.”
Bella: ”Eg elskar deg.”
Edward: ”Sjå korleis eg glitrer i sola.”
Bella: ”Eg elskar deg.”
Edward: ”OK.”
-Begge ser på kvarandre. …i ein evigheit!-
Gripande. Så Bella og Edward blir kjærestar og får heile skulens oppmerksomheit. Når dei ikkje er saman, brukar Edward tida til å bryte seg inn i huset hennar og sjå på ho mens ho søv. Bella, jenta uten hjerne, synest det er sexy at ho er ilag med ein stalker.
Så ein dag tar Edward Bella med seg heim til familien, som også er glitrande og ikkje-myrdande vampyrar. Herfrå tar Edward henne med på ein tur ut i skogen, der han klatrer i tre og viser Bella utsikten over Forks.
"This can't be real!" -Bella nekter å tru at den ukule bygda er noko særleg.
Seinare tek Cullen-familien henne med på eit slag vampyr-baseball (det er akkurat som vanleg baseball), då dei plutseleg blir avbrutt av onde vampyrar som drep folk.
Med andre ord: Ordentlege vampyrar. Ein av dei, James, får ferten av Bella og bestemmer seg for å ete henne. Så Edward og co. bestemmer seg for å få Bella ut av bygda og heim til mor, fordi ho antagelegvis er eit familiemedlem. James gir ein god faen i alle dei ubeskytta bygdefolka og jakter på den eine personen som er beskytta av fleire vampyrar.
Idiot.
Han lurer til slutt Bella til seg og bit henne i armen, men Edward og dei andre dukker opp og dreper James. Då dei oppdager at Bella er blitt bitt, suger Edward giften ut av henne. Ho våkner opp på sjukehuset med Edward ved sida av henne. Han forteljer henne at ho blir nødt til å reise vekk, men Bella nekter og seier at ho vil bli i Forks.
Først vil ho flytte, men ikkje etter at ho nesten vart drept?! Tosk...
Det heile ender med at Bella og Edward går på skuleballet og filmen avsluttar med følgjande dialog:
Bella: ”Eg vil bli ein vampyr, bit meg.”
Edward: ”Nei.”
Bella: ”Jo.”
Edward: ”Nei.”
Bella: ”Eg elskar deg.”
Edward: ”Kult.”
Det aller største problemet til filmen, eller historia, er at vampyrane…
Å Gud, vampyrane…
Vampyrane er ikkje ordentlege vampyrar! Dei drikk ikkje menneskeblod, dei søv ikkje, dei lever blant mennesker og dei tåler solys. Endå verre, dei ”skinner som tusen krystallar i sola”!
Heile vampyrmytologien drukner i ein urealistisk kjærleikshistorie og forblir liggande til antagonistane blir introduserte. På slutten.
Ein vampyr, ifølgje filmen. Heile historia verker som ein dårleg fanfic av Anne Rice-serien, skreven av ein 16 år-gammal jente er besatt av vampyrar, kjærleik og sex. Den manglar også eit ordentleg plott gjennom mesteparten av filmen og den dårlege plottet vi blir servert er forutsigbart på eit dumt nivå.
Når det gjelder figurane, blir vondt verre. Bella, hovedpersonen, er intet anna en ein Mary Sue. Kva er ein Mary Sue, spør du? Det er ein perfekt jente utan feil, ein skjønn skapning som alle blir oppmerksame på og som ikkje leggjer merke til at gutane vil ha ho. Ho er sky, har eit uvanleg namn og heile historia er sentrert rundt henne.
Kvalmande…
Interessant fakta: Bella betyr ”nydeleg”. Det høyrest ut som eit Mary Sue-namn…
Kristen Stewart, ho som speler Bella, er forferdeleg! Eg veit ikkje om Bella er slik i boka, men uansett kva ho seier i filmen, så er det med ein utruleg monoton stemme og fjes. Ho er akkurat som Arnold Schwarzenegger i ’The Terminator’.
Og det seier litt! Edward er ikkje berre avskyeleg som vampyr, han er ekstremt gnålete.
” Buhuu, vi kan ikkje vere saman, eg er for farleg!”
Pluss, han er ein pedofil stalker. Ja, pedofil. Husk han er eigentleg over hundre år gammal og prøver seg på ein syttenåring! Det einaste som kan gjere det heile akseptabelt, er viss hjernen hans har vert på 17 år-stadiet heile tida. Men det betyr at han ikkje har utvikla hjernen sin gjennom alle tiåra, vilket gjer han til ein tragisk person som aldri lærer.
Skodespelaren hans, Robert Pattinson, prøver altfor mykje å vere kul og sexy. Han stirrer så mykje på kamera at ein skulle tru augene hans kom til å sprette ut og ligge blodigt spreidd utover kamera.
Men då måtte filmen hatt ordentlege spesial-effekter. Noko den ikkje har. Eg meinar, det verkar som om ein ser på ein dårleg episode av ein gammal Hulk-serie. Og det seier mykje.
Filmen er kanskje spennande og gripande for fansen, men den mister alle andre. Det heile er berre ein filmatisert versjon av ein jentes våte fantasi om sann kjærleik. Med vampyrar.
Korleis kunne noko slikt bli film?
Fansen gjorde det mogleg.
Faen ta dykk...
Heilt til slutt vil eg berre servere ein litan oppklåring:
Béla Lugosi redder dagen nok ein gong!